Fagmøte torsdag 19. oktober: Omgraving av myr
Omgraving av myr
Metode, klimagassutslepp, avlingar, økonomi, tilskotsordningar
Kl. 10.00 Oppmøte og synfaring på forsøksfelt på Farstad, sjå skilting ved Hustad fengsel, Samson Øpstad, NIBIO
Kl. 10.45 Synfaring på nytt felt som er under omgraving, Sverre Heggset, Landbruk Nordvest
Kl. 11.30 Lunsj på Frænabu
Kl. 12.15 Omgraving som dyrkings- og dreneringsmåte, Sverre Heggset
Kl. 12.45 Korleis påverkar omgraving av tidlegare grøfta myr jordeigenskapar, grunnvasstand og oksygentilgang til torva? Synnøve Rivedal, NIBIO
Kl. 13.15 Kan omgraving redusere utsleppa av lystgass og metan frå myr? Sissel Hansen, NORSØK
Kl. 14.00 Kaffipause
Kl. 14.15 Kva avlingar kan ein forvente på omgraven myr? Synnøve Rivedal, NIBIO
Kl. 14.45 Er omgraving ein lønnsam metode? Torbjørn Haukås, NIBIO
Kl. 15.15 Tilskot til drenering og hydrotekniske tiltak,Ragnhild Naug Aas, FMLA Møre og Romsdal
Kl. 15.45 Oppsummering og vel heim
Deltakarane betalar sjølv for lunsjen på Frænabu: kr. 200,- per pers.Påmelding til Landbruk Nordvest på Facebook, eller til Sverre Heggset på e-post sverre.heggset@nlr.no innan søndag 15. oktober.