Tingvoll gard som forskings- og formidlingsarena
Garden er på til saman 955 dekar. Av dette er 175 daa fulldyrka areal og 65 daa beite. På garden blir det drive økologisk mjølkeproduksjon med omlag 20 årskyr. Eit forpaktarpar har ansvaret for drifta av garden.
Fjøs
I 2011 blei det bygd nytt fjøs for mjølkeproduksjon. Fjøset er uisolert, bygd i tre og har naturleg ventilasjon. Mjølkekyr og ungdyr har fri tilgang til lufteplatting når dei ikkje er på beite. Fjøset er lagt til rette for forsking, utprøvingar og formidling.
Areal
Tingvoll gard er drive økologisk sidan 1987. Frå 1987 og fram til og med 2015 er det gjort kartlegging og registrering av jordforhold og avlingar. Dette materialet er eit unikt datagrunnlag for å vurdere utvikling av jordas næringsinnhald og avlingsnivå på eit økologisk husdyrbruk. Arealet kan nyttast til feltforsøk i økologisk produksjon.
Biogassanlegg
Garden har eit biogassanlegg som produserer biogass av husdyrgjødsel frå garden og ulike tilleggssubstrat. Anlegget leverer varme til administrasjonsbygningen på garden. Anlegget er i 2020 under ombygging til nyere og enklere teknologi. Anlegget blir nytta til forsking, kurs og informasjon.
Les meir: på www.sologbio.no
Tingvoll sol- og bioenergisenter
Tingvoll sol- og bioenergisenter er eit regionalt kompetansesenter, som skal arbeide for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi. Det skal òg medverke til berekraftig energibruk. Senteret har fullskala biogass-, flisfyrings- og solvarmeanlegg, samt demonstrasjonsanlegg for solstrøm. Vindmølle er under oppbygging. Senteret arrangerer, kurs, temadagar og omvising. Det er også forsking knytt til anlegga senteret disponerer.
Les meir: www.sologbio.no
Stjernehagen og folkeparken
Stjernehagen er ein demonstrasjonshage for småhagebrukarar. I hagen får du tips og rettleiing om korleis grønsaker, urter og bær kan dyrkast på ein økologisk forsvarleg måte. Ein ynskjer å gi inspirasjon til bruk av nyttevekstar i hagane, og vise korleis pryd og nytte kan foreinast. Stjernehagen skal vera idébank og inspirasjonskjelde. Det blir halde kurs og aktivitetsdagar. Ein del av Stjernehagen blir driven som skulehage. I skulehagen er det mogleg å drive pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid, der ein koplar pedagogikk og naturbruk.
Stjernehagen heng saman med eit parkområde med stiar, ein liten klatrepark og dyreinnhegningar. I sommarhalvåret er det sau, geit, høner og grisar i innhegningane.
Les meir :STJERNEHAGEN
Flisfyringsanlegg
Flisfyringsanlegget er et visningsanlegg for Tingvoll sol- og bioenergisenter og eies av Tingvoll Flis og Varme AS, som ligger på Tingvoll gard.
Fliskjelen leverer i underkant av 2 GWh (2 000 000 kWh) varme i året via et distribusjonsnett til Tingvoll Kommune, NORSØK og Tingvoll Økopark. Driften er utelukkende basert på flis produsert av virke fra Tingvoll av lokale gårdbrukere.
Kontaktperson Tingvoll Flis og Varme AS: Ingvar Kvande, tlf 93015157, ingvar.kvande@norsok.no
Sol-celleanlegg
Det tracker-baserte solcelle-anlegget på Tingvoll gard er levert av Klar Energy AS og finansiert av Nordmøre Energiverk AS og NORSØK. Arbeid med å sette opp og hente erfaringer fra anlegget er delfinansiert med midler fra regionalt forskningsfond Midt-Norge. Anlegget leverer elektrisitet til Tingvoll Økopark. Tingvoll Økopark er plusskunde og overskuddsproduksjon leveres til NEAS. Anlegget er relativt lite og produserer jevnt når sola er oppe, noe som gjør at de fleste kilowattimene som produseres forbrukes i Tingvoll Økopark.
Tingvoll Økopark
Tingvoll Økopark er ein opplevingspark med blikket mot framtida. Dei tilbyr daglege omvisingar både ute hjå dyra og i Stjernehagen, utstillingen "Reisen i jorda" på låven og i energiverkstaden. Ein kan også gå på oppdagingsferd på eiga hand og for dei meir aktive finnes det ein naturleikeplass med klatreløype i trea mellom innhegningane. Tingvoll Økopark samarbeider med skuleklassar fra Tingvoll skole.
NORSØK er deleigar og brukar økoparken som formidlingsarena ved å arrangere kurs, foredrag, og temadagar.
Det er også mogleg å leia økoparken for eksterne møte og arrangement.