Vedtekter

Vedtekter for STIFTELSEN NORSK SENTER FOR ØKOLOGISK LANDBRUK

Godkjent av fylkesmannen i Møre og Romsdal 8. desember 1989 og med vedtekne endringar den 22.12.98, 28.08.2000, 09.04.2002, 25.09.2003. Godkjente endringar av Lotteri- og stiftelsestilsynet 28.03.06 og 13.06.12, 05.02.16 og 11.06.20.

§1. Namn og rettsleg stilling
Stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei næringsdrivande stifting med ein grunnkapital på 200.000,- kroner.

§2. Geografisk plassering
Stiftinga har sitt hovudsete på Tingvoll.

§3. Formål
A. Stiftinga sitt hovudmål er å fremje utviklinga av økologisk landbruk.

B. Stiftinga skal vere eit nasjonalt kompetansesenter og arbeide for å nå målet gjennom forsking, utvikling, formidling, rådgjeving, undervisning og informasjon om økologisk landbruk, matproduksjon og forbruk og fornybar energi.

C. Stiftinga skal drive Tingvoll gard som eit økologisk gardsbruk og forvalte garden
som ein arena for forsking, utvikling og formidling. Dette for å synleggjere økologisk
landbruk og for å bidra til eit stadig meir berekraftig landbruk, matvaresystem og
samfunn.

D. Stiftinga skal i sitt arbeide leggje til grunn dei fire hovudprinsippa for økologisk
landbruk som omhandlar helse, økologi, rettferd og varsemd, slik dei er definert av IFOAM Organics International.

E. Stiftinga skal ikkje betale utbytte. Overskudd skal nyttast til å nå formålet til Stiftinga.

§4. Finansiering
Drifta av stiftinga skal søkjast finansiert gjennom:
§ Oppdragsinntekter
§ Leigeinntekter frå gardsbruk, forsøksfasilitetar og bygg
§ Gåver til stiftinga og eventuelle renteinntekter av kapital
§ Andre inntekter

§5 Styret
Styret er stiftinga sitt øvste organ.
Stiftinga skal ha eit styre på sju medlemmer med sju personlege varamedlemmer. Funksjonstida for leiar, styremedlemmer og varamedlemmer er fire år.
Styret skal vere samansett av ein styreleiar utpeikt av Tingvoll kommune,
eit styremedlem utpeikt av Møre og Romsdal fylkeskommune,
eit styremedlem utpeikt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal,
eit styremedlem utpeikt av Norges Bondelag/Norsk Bonde- og Småbrukarlag,
eit styremedlem utpeikt av Økologisk Norge,
eit styremedlem frå eit forskingsmiljø,
(utpeikt av ein valkomitè på 3 medlemmer sett ned av styret)
eit styremedlem utpeikt av dei tilsette ved Norsk senter for økologisk landbruk.

Styret vel sjølv nestleiar kvart 2. år.

Styret skal sørgje for at stiftinga sitt formål blir ivareteke og skal leie stiftinga i samsvar med lover og vedtekter og setje i verk dei vedtak som er gjort i styret.

Styret skal:
forvalte stiftinga sine eigedommar, ressursar og kapital vedta overordna strategiar, og årsbudsjett vedta årsmelding og revidert rekneskap fastsette honorar til styret tilsetje og avsetje dagleg leiar behandle andre saker

Styret skal føre protokoll frå sine møte. Styret kan meddele prokura.

§6. Rekneskap, revisjon og årsmelding
Rekneskapen skal reviderast av ein registrert eller statsautorisert revisor som blir valt av styret for eitt år om gongen. Stiftinga skal elles til ei kvar tid leggje fram dei dokumenta som myndigheitene ber om av omsyn til kontroll av verksemda i forhold til Lov om stiftingar.

§7. Endringar i vedtektene
Styret kan endre vedtektene med minst 2/3 fleirtal, men formålet til stiftinga under paragraf 3, punkt A kan ikkje endrast. Endringar skal godkjennast av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

§8. Nedlegging av stiftinga
Vedtak om omdanning eller opphør må gjerast i samsvar med dei til kvar tid gjeldande lover om stiftingar.

Styret kan gjere vedtak om å leggje ned stiftinga med minst 2/3 fleirtal.
Grunnkapitalen og eventuelle andre aktiva skal gå til eit ideelt formål som fremjar utviklinga av økologisk landbruk i Noreg.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.