Betre agronomisk drift og reduserte klimagassutslepp på drenert myrjord - PEATIMPROVE
Prosjektet sitt hovudmål er å betre forholda for jordbruksdrift på myrjord på same tid som klimagassutsleppa blir reduserte.
Myrjord er vanskeleg å drenere, blir lett vassmetta, er utsett for jordpakking, overvintringsskader og låge avlingar, i tillegg til myrsynking og utslepp av klimagassar. Ved fornying av dreneringssystema på allereie dyrka myrjord trengst alternative metodar for å redusere klimagassutslepp og oppretthalde lokal fôrproduksjon i eit våtare klima.
Hovudmålet med prosjektet
PEATIMPROVE sitt hovudmål er å betre forholda for jordbruksdrift på myrjord på same tid som klimagassutsleppa blir reduserte. I prosjektet skal ein studere ulike dreneringsmetodar, og spesielt omgraving som ein lovande metode for å beskytte myrjord mot nedbryting, samt legge til rette for effektiv produksjon.
Flere forsøksfelt over hele Norge
Hovudfeltforsøket blir i Fræna i Møre og Romsdal, men det er også planlagt feltaktivitet i Sortland (Nordland), Pasvik (Finnmark) og Våler (Innlandet) for å fange opp variasjon i klima, hydrologi og planteproduksjon. Hydrologiske målingar, klimagassmålingar, avlingsregistrering og kalkulering av lønnsemd og verdiskaping inngår.
Formindling av resultat
PEATIMPROVE vil oppdatere statistikk over myrjord i jordbruksdrift og estimere storleiken på myrjordsareal som er eigna for omgraving. Kombinert med resultat frå klimagassmålingar kan dette brukast til å oppskalerer effekten av alternative dreneringsmåtar på nasjonalt nivå. Formidling av resultat til næring og forvalting er ein viktig del av prosjektet.
NORSØK sin rolle i dette prosjektet er å skrive saman resultat frå mangeårige målingar av utslepp av klimagassane lystgass (N2O) og Metan (CH4) med og utan omgraving av myr i Fræna.
Mer informasjon om prosjektet finner du på NFR sin prosjektbank her.
I tillegg til NFR er prosjektet også finansiert av mange ulike næringsaktørar (Eckbos Legat størst av desse) og fylkeskommunar.