Senter for bærekraftig utvikling innen arealforvaltning og naturmangfold - SEBAN
Senteret vil oppfylle mål for berekraftfylket Møre og Romsdal, i partnarskap med dei andre kompetansemiljøa som er etablerte i fylket.
Auka krav til dokumentasjon av naturmangfald, berekraftig arealbruk og konsekvensar av inngrep, krev betre metodar for å sikre gode nok og effektive plan- og byggesaksprosessar.
- Kommunane etterspør kunnskap om arealforvalting og naturmangfald og gode kriterium for vurderingsgrunnlag.
- Dei grøne og blå verdikjedene og reiselivet utgjer ein stor og viktig del av næringslivet i Møre og Romsdal. Desse næringane er avhengige av naturgrunnlaget.
- Vi treng eit forsterka fokus på arealforvalting og naturmangfald for å sikre at naturressursane kan gi auka verdiskaping i framtida.
Senteret skal:
- Styrke og dele kunnskap om arealressursar og naturmangfald.
- Vidareutvikle indikatorar for berekraftig arealbruk i dialog med kommunar og næringsliv.
- Formidle konsekvensar for naturmangfaldet av endra arealbruk ved praktiske utprøvingar.
- Bidra til berekraftig næringsutvikling gjennom positivt samspel med næringsaktørar.
- Søke gode løysingar i målkonfliktar, gjennom dialog og kunnskap om ulike interessentars planar og bruk av areal.
- Engasjere ungdom til refleksjon og forståing for berekraftig utvikling gjennom praktisk retta opplegg i samarbeid med dei vidaregåande skolane.
- Spre kunnskap om areal og naturmangfald hos ulike målgrupper; noko som igjen vil føre til auka engasjement for berekraftig samfunnsendring.
Tingvoll Økopark står saman med NIBIO Tingvoll, Miljøfaglig utredning, NORSØK og Tingvoll kommune bak dette initiativet. Alle aktørane har tilsette lokaliserte på Tingvoll.