Fornybar energi i landbruket
Det er store behov både for ny energiproduksjon og effektivisering av dagens energibruk dei neste åra. Effektiv bruk og desentralisert energiproduksjon er eit viktig bidrag i ein slik samanheng.
Prosjektet vil ta samle erfaringar frå eksisterande solcelle-, biogass-, småkraft- og biovarmeanlegg tilknytta landbruket i Møre og Romsdal, mange av dei etablert dei siste 5 åra.
Samordna erfaringar frå desse opp mot tovegs transport av elektrisitet i eksisterande distribusjonsnett og infrastruktur på garden, vil brukast som utgangspunkt i forprosjektering av nye anlegg. Utviklinga innan batteriteknologi som kan brukast i slike anlegg vil også bli undersøkt.
Vi vil også vurdere korleis utvikling av teknologien, gir nye moglegheiter eller begrensningar for etablering av nye anlegg. Utvikling av eksisterande anlegg vil også vurderast, for eksempel samproduksjon av sol- og vindenergi.
Fleire mål
- Eit mål er å gjere landbruket sjølforsynt med fornybar energi og kunne levere overskot til andre brukarar og samtidig redusere klimagassutsleppa i landbruket.
- Samle erfaringar og spreie kunnskap, samt bidra til å avdekke flaskehalsar ved omstilling av eksisterende og oppstart av nye anlegg.
- Reduserte klimagassutslepp
Prosjektet er eit samarbeid mellom lokale kraftselskap, landbruk og forsking.