Kan det vere ein samanheng mellom tap av lam på beite og genetikk?
Prosjektet "Lokale avlsmål for meir robuste sauer" skal undersøkje om det er ein samanheng mellom sjukdom og tap av lam på beite og arvestoffet hos dyra, og om det difor kan vere aktuelt å forske meir på om det kan utviklast lokale avlsprogram og avlsstrategiar for å redusere tap og liding hos dyra.
Lokale og nasjonale avlsmål
Avlsmåla er i stor grad nasjonale og tek lite omsyn til samspelet mellom genar og miljø over tid. Nyare forsking viser at tradisjonelle avlsmål for høg produksjon ikkje nødvendigvis er det beste for sauehaldet i utmarka, og at det trengst meir forsking nettopp på sau. Vi har valt ut nokre typiske kommunar i Møre og Romsdal med store tap og variert sjukdomsbilde og tapsårsak. Vi vil hente inn data frå fleire år både frå sauekontrollen og som noteringar frå bøndene. Desse dataene vil bli analysert statistisk for å finne ut om det er samanhengar mellom sjukdom/overleving, miljøfaktorar, rase eller line innan rase.
Kvifor undersøkje for samanhengar mellom tap og arv?
Dersom vi finn slike samanhengar, vil det vere utgangspunkt for å gå vidare med eit større forskingsprosjekt der nasjonal og internasjonal ekspertise innan genetikk og avl vil bli kopla på. Det nåværende prosjektet vil bli gjennomført av NORSØK i samarbeid med lokale organisasjonar i landbruket, og vi vil knyte til oss ei ekspertgruppe innan avl og genetikk for å delta i analysearbeid og vurderingar. Deltakarane i denne ekspertgruppa og deira organisasjonar vil vere aktuelle samarbeidspartar i ein eventuell hovudsøknad.